Frå mammaperm til eigen syverkstad
Malin Holm Sundet (29) er nett ferdig med mammaperm, og ville ikkje pendle til Ålesund lenger. No starta ho opp syverkstaden «Sjølvskapt». Målet er å opne butikk og verkstad innan julehandelen startar.
Den driftige tomrefjord-jenta har hatt eit ønske om å starte for seg sjølv ei god stund. No følte ho at taiminga var rett. Det vert slutt på pendling til Ålesund når ho opnar butikken og syverkstaden midt i sentrum.
Ho har utdanning innan klesdesign og saum og har drøymt om ein eigen syverkstad lenge. No kombinerer ho med tekstil og handverksbutikk i lokala i Kjøpmannsgata 7.
– Det kjem til å vere mest garn og stoff i butikken, men også litt andre ting, seier Holm Sundet.
Vil halde kurs
Som ein del av konseptet ønsker Malin etter kvart også å halde sykurs for dei som vil lære seg meir om faget. Men først må verkstaden og butikken byggast opp. For augneblinken er lokala meir eller mindre ribba ned og gjort klart for renovering.
– Det er mykje som må gjerast, men eg er trygg på at alt er ferdig slik at eg kan opne i tide til å få med meg julehandelen, seier Holm Sundet.
Ho håpar butikken vil bli eit samlepunkt for kreativitet og skaparglede, og ser fram til å opne dørene.
Del av senteret
Bygget i Kjøpmannsgata 7 ligg no under Alti Forvaltning. Dermed vert butikken ein del av Alti Vestnes. Senterleiar Kathrine Klokset jublar over eit nytt tilskot til sentrumsbutikkane.

– Dette er veldig spanande. Me gler oss til å få eit nytt konsept. Det er noko me treng i Vestnes, seier Klokset.
Mykje arbeid
Sjølv om det formelle er på plass med leigekontrakt og planar, er det mykje arbeid som står att. Butikklokala skal byggast om og pussast kraftig opp. Bygget skal også få seg ei overhaling utvendig før opning. Dette er det Alti Forvaltning som skal gjere.
Holm Sundet skal berre peike og fortelje korleis ho vil ha det i tett samarbeid med Alti-folka.
– Det passar veldig godt å gjere det på den måten, då eg ikkje har moglegheit til å drive med omfattande oppussing sjølv, seier ho.



