Vestnesavisa på flyttefot
Vestnesavisa er på flyttefot. Men me går ikkje så langt. Redaksjonslokala vil framleis ligge på Alti Vestnes.
Dei nye lokala ligg tvers over gangen frå Bryggen Tannhelsesenter.
Saka held fram etter annonsen
– Dei nye lokala er ein del mindre enn dei gamle, men dei er betre tilpassa dagens drift, seier redaktør Torstein M. Sønstabø.
For lesarane vil det ikkje vere noko merkbar forskjell etter flyttinga. Vestnesavisa vil halde fram som før med å jakte lokale nyheiter og dekke store og små hendingar i Vestnes.
Flyttinga er ein naturleg del av fornying av leigekontrakten med Alti Vestnes.



