Vestnesavisa
2 minutter lesetid

Diggar du jobben din? Då vil me gjerne prate med deg

Me i Vestnesavisa ønsker å starte ei ny spalte osm har fått namnet «Min jobb». Målet er å bli kjent med arbeidstakarar rudnt omkring i Vestnes kommune.

Har du ein jobb du er stolt over og som du vil fortelle litt om? Ta kontakt med oss så kjem me på besøk der du jobbar. Om det er skule, barnehage, butikk, naudetatar eller i industrien. Me dukkar opp der du er. Både i Vestnes og andre stadar (innan rimelege grenser).

Saka held fram etter annonsen

Målet med spalta er å skape blest og interesse rundt det allsidige arbeidslivet og næringslivet som finst i Vestnes, og få fram yrke og arbeidsplassar i lyset. Med dette håpar me også å skape inspirasjon for dei unge i kommunen som etter kvart skal ta sitt utdannignsval.

Saka held fram etter annonsen

Vil DU ha besøk av Vestnesavisa på din arbeidsplass? Eller veit du om andre som burde ha besøk av oss? Tips oss, så kjem me gjerne på besøk!