Vestnesavisa
1 minutt lesetid

Seks gjestearbeidarar coronasmitta ved VARD

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Seks personar som nyleg har ankome Trohaugen brakkerigg har testa positivt for covid-19.

Det melder Vestnes kommune seint tysdag kveld. Personane vart testa før avreise frå heimlandet. Desse testane var negative.

Saka held fram etter annonsen

Ved ankomst i Norge vart arbeidarane testa igjen av VARD sitt helseteam på Trohaugen. Dei seks testa då positivt.

Det vert hevda at personane ikkje har symptom, og har vore i karantene sidan ankomst. Dei skal no vere sett i isolasjon og nærkontaktar skal vere i karantene.

I pressemeldinga frå Vestnes kommune vert det hevda at dei smitta ikkje har vore i kontakt med lokalbefolkinga etter ankomst til Trohaugen.