Vestnesavisa
3 minutter lesetid

Rår til å bruke munnbind i butikkar og på kollektiv transport

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Vestnes kommune gjekk i kveld ut med oppmoding om at alle bør bruka munnbind på butikkar, kjøpesenter og kollektiv transport.

Det er ikkje eit påbod, men Vestnes kommune skriv i ei pressemelding at det er ei anbefaling. Tilrådinga vert grunngitt med auka smittepress i Vestnes.

Saka held fram etter annonsen

Seks nye smittetilfelle

Tilrådinga kjem same dag som fem innreisande arbeidarar og ein fastbuande i innreisekarantene testa positivt på Covid-19.

Dei innreisande skal ha blitt handtert etter retningsliner, og er i isolasjon.

Den fastbuande som har testa positivt innan 24 timar etter innreise. Vedkommande har vore i karantene sidan ankomst, og hadde dokumentasjon på negativ test tatt innan 72 timar før avreise frå heimlandet.

Dei fem innreisande arbeidarane som har testa positivt er i isolasjon på VARD sin brakkerigg på Trohaugen. Alle fem er knytt til VARD.

Trass i at det for det meste er innreisande arbeidarar som har testa positivt, grunngjev Vestnes kommune tilrådinga med auka smittepress.

– Me ser det kjem mange smitta til Vestnes, og me meiner munnbind vil vere eit godt og effektivt hjelpemiddel for å unngå smittespredning, seier ordførar Geir Inge Lien.

Han presiserer at det ikkje er eit påbod, men ei tilråding.

Karantenereglar

Den siste veka har rundt 30 personar testa positivt på corona i Vestnes. Alle med unntak av ein er innreisande arbeidar. Dei skal i følgje næringslivsaktørane som har tilsett desse arbeidarane vere i eit karanteneregime som gjer at smittefaren til resten av samfunnet er minimal. Likevel meiner kriseleiinga det er naudsynt med tilrådinga om munnbind.

– Me ønskjer ikkje å skape panikk, men me ser også at det er eit auka smittepress i kommunane rundt oss. Spesielt i bykommunane, seier Lien.

I utgangspunktet er det ikkje forbode for folk i karantene å reise på butikken og handle. Men det er ikkje tilrådeleg.

Onsdag vil kriseleiinga møte næringslivet i Vestnes og diskutere karantenereglar. Målet er å sikre at alle som har innreisande arbeidskraft som er i karantene gjer det dei kan for å unngå situasjonar som gjer at folk i karantene må reise på butikken.

Saka held fram etter annonsen

– Me ønskjer å forsikre oss om at alle næringslivsaktørane er samde om felles retningsliner. Me ønskjer ikkje at folk i karantene reiser på butikken, seier Lien.