Nøkkelknippe søkjer eigar

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.
Eit nøkkelknippe er blitt levert inn til redaksjonen i Vestnesavisa. Nøklane vart funne torsdag ettermiddag på panseret på ein bil utføre Vestnes Brygge. Eigar av bilen kjenner ikkje til nøklane eller kor dei kom frå.
Saka held fram etter annonsen
Dersom dei er dine, ta kontakt med redaksjonen og fortell kva som står på nøkkelringen. Dersom ingen melder seg innan måndag vil nøklane bli overlevert til Vestnes lensmannskontor.