Vestnesavisa
1 minutt lesetid

Nytt smittetilfelle i Vestnes

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Ein person som er i innreisekarantene ved Vard sin brakkerigg på Trohaugen har testa positivt for Covid-19. Det melder Vestnes kommune måndag føremiddag.

Saka held fram etter annonsen

Den smitta har vore i karantene sidan ankomst til Norge, og er no i isolasjon. Nærkontaktar og dei som kom i same reisefølgje er sett i karantene. Smittesporinga er gjennomført, og vedkommande har i følgje pressemeldinga ikkje vore i butikkar eller i kontakt med lokalbefolkinga.