50 Pluss på Vågstranda, eit sosialt og triveleg tiltak

– No er me endeleg i gong att etter ein lang pandemipause, seier Arvid Hernæs, som saman med Cisca Schout kan ønskje dei over 50 år til nye sosiale kveldar på Vågstranda Menighetshus.
– 50 Pluss er ein uformell og sosial samlingsplass der folk over 50 år blir inviterte, fortel den matkyndige duoen som sist torsdag fekk samle nærare 40 vaksne på Menighetshuset.
Slike samlingar har dei hatt ein gong i månaden i over seks år. Første åra gjekk inntekta til Vågstranda sokneråd. Etter at bedehuset vart endra til Menighetshuset, har inntekta gått til å dekkje noko av utgifta til det tidlegare bedehuset.
Arvid og Cisca har vore med frå starten, der dei har stått for både planlegging, organisering, matlaging, servering og rydding. Denne kvelden er den første samlinga etter pandemien. Det var tydeleg at folket hadde sakna møteplassen sin, for her var stemninga høg.
På menyen stod laks med pasta og salat, kaffi og Panna Cotta. Undervegs var det sal av årar på tradisjonelt vis, der gjestane tok med seg kvar sin gevinst til trekninga.
– Det var skikkeleg kjekt å møte folket att, seier Arvid Hernæs og Cisca Schout, og lovar at no blir det samlingar siste torsdag kvar månad framover, der nye freistingar vil stå på menyen.