Vestnesavisa
3 minutter lesetid

Dobbel seksar og vidare i Stjernekamp

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Bjørn Tomren er eit unikum av ein artist. Med latinopop og visesang på programmet sanka han inn to seksarar frå NRK sin musikkritiker Espen Borge. Publikum ville ha han vidare i Stjernekamp.

Songaren, jøglaren og artigmannen frå Tomrefjord var den einaste som fekk sekser på terningen av NRK i kveld. Og med to stykk var det ikkje overraskande at han vart med vidare.

Saka held fram etter annonsen

I sjangeren latinopop framførte Tomren «Bésame Mucho» av Consuelo Velázquez. Låta vart skriven i 1940, men Tomren sin versjon var inspirert av The bEatles-versjonen frå 1962.

NRK sin musikkritiker Espen Borge er raus med superlativa.

– Her viser han at ein nok er sjanselaus dersom Polkabjørn først har bestemt seg for å synge deg i senk. Eller seng, alt ettersom. Tomren har eit så unikt uttrykk som gong etter gong bringer noko nytt til Stjernekamp-konseptet. Denne kledeleg teatralske og intense framføringa er intet unntak. Det er blytungt, beinhardt og ulikt anna i denne konkurransen. Nydeleg, skriv Borge.

I kategorien visesong var det «Du er min los» av Jakob Sande som stod på Bjørn sitt program. Ei vise han framførte med slik kjensle at ein vart litt satt ut.

Med visa «Du er min los» sikra Bjørn seg plass vidare i Stjernekamp.

Også her var Borge raus med gode ord i sin analyse av framføringa.

– No er Bjørn på heimebane. Han framfører ei vise han har gjort fleire gongar tidlegare, og det kjem tydeleg til syne her. Tomren tar seg god tid, tar teksten på alvor og formidlar kvart ord med overtyding. Her er ein mann som veit korleis ein gjer ei vise god – mistar aldri melodien, har ein heilt vanvittig kontroll på den vakre bassen, og er rett og slett ein heilt eineståande formidlar, skriv Borge.

Saka held fram etter annonsen

Med seg på scenen under visesongen hadde han Hallvar Djupvik på gitar og koring. Med publikum i salen var det mange tomrefjordingar å sjå i fjernsynsruta denne laurdagskvelden.