Bygdekvinnene samla krefter frå heile fylket

Tresfjord Bygdekvinnelag inviterte bygdekvinner frå heile fylket til samrådingsmøte laurdag. Det var fyrste gongen sidan pandemien braut ut for halvanna år sidan.
I Møre og Romsdal finst det 33 bygdekvinnelag.
Kvinneorganisasjonen vart stifta i 1946 som Norges Bondekvinnelag, men vart seinare skilt ut frå bondelaget og i 2002 skifta dei namn til Norges Bygdekvinnelag.
Til stades i Tresfjord var medlemmar frå fjorten bygdekvinnelag, distriktsleiar Liv Borghild Hildre, fleire frå fylkesstyret og Monika Frisvold Vågan frå sentralstyret.
I Tresfjord Bygdekvinnelag har dei 25 medlemmar. Mange av dei var i full sving som vertar på kyrkjelydhuset laurdag.
– Vi har fått gjennomført nokre medlemsmøte under koronapandemien, der vi har passa på å halde meteren. Tidlegare har vi alltid brukt å arrangere julemesse på skulen, og i år blir det igjen den 27. november. Elles skal vi ha kurs i oppsett av vev og kurs i spinning, fortel nestleiar i laget Lene Johansen.
Nestleiar i fylkesstyret Nelly Ytterli gav ut premiar til to vinnarar som hadde stemt på nokre kalenderar dei skal selje.
– Her er eit glas med heimelaga aprikossylte. Den neste premien er sprudlevatten, men den er utan alkohol, fortel ho.
– Æsj, svarar ei frå salen.
Det er godt å vere saman igjen.

Solidaritet for kvinner
Norges Bygdekvinnelag har dei siste åra sendt pengar til bondekvinner i Guatemala som lever under langt tøffare kår enn i vår del av verda. Dette prosjektet har landsstyret bestemt seg for å satse på i tre nye år, og Monika Frivold Vågan informerte nærmare om kva pengane går til.
– I Guatemala er det ekstremt stor ulikskapar mellom befolkninga, der halvparten av dei lever i fattigdom. Kvinnene bli utsett for diskriminering og vald. Dei får ikkje eige land sjølv, og får difor heller ikkje noko moglegheiter til å tene pengar sjølv. Det er viktig å styrke rettigheitene til kvinner og urbefolkning i Guatemala. Bygdekvinnelag støtter mellom anna spare- og lånegrupper for desse, fortalde ho.
Bøndene i fjella er gode på å dyrke mais og bønner, men gjennom opprettinga av frøbankar og meir kunnskap har mange fått ein meir variert matproduksjon. Det gjev igjen betre ernæring og avlingar som er meir robuste mot klimaendringar. Gjennom spare – og lånegruppene får også kvinnene moglegheiter til å starte eigne verksemder, som til dømes ei vevstove, slik at dei tener pengar til å kjøpe andre varer.

– Desse kvinnene genspeglar oss. Dei er opptekne av mat og handarbeid slik som vi er, og uansett kor ein er i verda. Dette prosjektet handlar om solidaritet, seier Frisvold.
Monika Frisvold Vågan informerte også om at Norges Bygdekvinnelag har planar om å opprette ein juridisk hjelpetelefon for medlemmer i bygdekvinnelaga, og ein psykisk hjelpetelefon.
– Dette skal vere eit lågterskeltilbod. Vi jobbar med å få det til ein gong på nyåret, fortel Monika Frisvold.
Kommunikasjon viktig
Josefine Rødal Tomren i Vestnes Næringsforum stilte også opp på samrådingsmøte og informerte om alt dei har fått til siste året.

Ho fortalde korleis dei har fått med ungdomar til å bygge fyrtårnet på Kataholmen, og om alle som har vore med på den store dugnaden. Ho snakka også om korleis festivalen engasjerte folk frå alle kantar av Vestnes.
– Det at vi er to kvinner som no styrer Vestnes Næringsforum er ganske unikt. Mykje av næringslivet i Vestnes er tungt mannsdominert. Vi har brukt å arrangere næringstreff kvar tysdag, og i det siste har vi registeret at det også kjem fleire kvinner enn før, fortel Rødal Tomren.
Ho fortalde forsamlinga om festivalen Ferrytale som mange var med å arrangerte i sommar og om fyrtårnet som er komen opp på Kataholmen.
– I bygdene sit vi gjerne på kvar våre tuer, og spør ikkje naboen om hjelp. Kommunikasjon er utruleg viktig, og ein kan få til så mykje berre ein spør. Folk seier som regel ja til alt vi spør om. De må halde fram med å heile tida fortelje kva bygdekvinnelaget er for noko og aldri tru at alle veit det, var oppfordringa til Josefine Rødal Tomren.