Nybygg nr. 207 frå Aas Mek. Verkstad

21. desember vart nybygg nr. 207 levert til reiarlaget Brønnbåt Nord Lofoten AS. Brønnbåten er ein AAS 1202 STDE-Hybrid.
Ifylgje pressemeldinga til Aas Mek. Verkstad er den 63,86 meter lang og 14 meter i breidde og har ein lastekapasitet på 1200 m³ fordele på to lastetankar. Fartøyet er utrusta for å tilfredsstille strenge miljøkrav.
Heimen skal vere Ellingsen Seafood på Skrova og er designa spesielt for å operere i eit relativt eksponert og vêrhard område.
Båten har diesel-elektrisk framdrift og ESS-batteri anlegg for hybrid drift, samstundes har den stor landstrøm-kapasitet.

Levande fisk kan transporterast i ope eller lukke system på ein sikker og skånsam måte.
Innreiinga har plass for ti personar og du finn ei topp utstyrt messe med salong, bysse, kaffibar ved arbeidsdekk, garderobe og trimrom.

Den er samstundes utstyrt med anlegg i medhald av strengaste krav for reinsing av kloakk og ballastvatn.