Bjørn Tomren er kåra til Årets romsdaling

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.
Romsdals Budstikke melder at lesarane har talt. Årets romsdaling er Stjernekamp-vinnaren Bjørn Tomren.
– Nesten 900 av våre lesere har stemt på deg. Eg trur du har brakt mykje glede inn i stua til folk i en litt mørk tid med korona og hunger etter kultur, sa redaktør Ole Bjørner Loe Welde til Bjørn Tomren i følgje rbnett.no.
Saka held fram etter annonsen
Han opplyser at det totale stemmetallet var på 2.400, og at rundt 40 prosent dermed har stemt på Bjørn.
Dermed vart det i år som i fjor, ein Stjernekamp-vinnar frå Tomrefjord som vart Årets romsdaling. Vi gratulerer.