Vestnesavisa
2 minutter lesetid

Salet av hurtigtestar går unna

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

No er det mange som kjøpe hurtigtestar. Ved Apotek 1 Vestnes har dei førebels rikeleg på lager.

Salet av hurtigtestar ved Apotek 1 Vestnes går unna.

Saka held fram etter annonsen

Dette stadfestar dagleg leiar, Anne Karin Gallagher ovanfor Vestnesavisa tysdag morgon.

Det har mange stader tidvis også vore utselt på mange apotek.

– No har me i alle fall fått inn og har rikeleg på lager. Testane går raskt unna, fordi det er så mange som skal teste seg, fortel Gallagher.

Enkeltest og fempakning

– Er det mogleg å kjøpe ein enkelttest og fempakning hos dykk?

– No har me begge delar.

Det variera frå gong til gong kva dei får av hurtigtestar. Dei blir likt fordelt mellom apoteka rundt om.