Status for Covid-19 i Vestnes

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.
I veke 52, vart det registrert ein smitta 1. januar og ein smitta dagen etter. Måndag 3. januar meldte Vestnes kommune i tre smitte-tilfelle.
Det ser ut til at tala på smitta har roa seg i Vestnes, og kanskje er det grunna den siste nedstenginga før jul som har hjelpt på.
Saka held fram etter annonsen
Alle skuleborn i Vestnes vart anbefalt å teste seg før skulestart, så vi ser ikkje vekk frå at talet kan gjere eit hopp likevel når alle dei eventuelle positive hurtigtestane er stadfesta.
Ned til 45 år
Vaksineringa av dose tre er sett opp 5. og 12. januar i Vestneshallen. No er det open for alle over 45 å melde seg på. Då kan ein også velje sjølv kva type vaksine ein har. Men legesenteret skriv på kommunen si heimeside at det er fint om ein melder frå på førehand om ein vil ha Pfizer eller Moderna.
Saka held fram etter annonsen