Vestnesavisa
3 minutter lesetid

Slik gjekk det med Tomrefjord Kino siste pandemiåret

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Kraftig nedgang i talet på besøkande ved Tomrefjord Kino.

Kinosjef Arvid Hungnes skriv i ei pressemelding at kinoåret 2021 vart prega av pandemien.

Saka held fram etter annonsen

– Det var vanskeleg å få filmar, då premierer blei flytta fleire gonger. Vi hald stengd halve året på grunn av filmmangel pluss at vi avlyste tre filmar like før årsslutt, også julefilmane, skriv Hungnes.

Vidare nemner kinosjefen at det var stor usikkerheit knytt til kor mange personar som kunne vere tilstade på kvar førestilling og mogleg økonomisk tap rundt dette.

Frivillig organisasjon

Tomrefjord Kino kan ikkje søkje på stimuleringsstøtte frå staten då dei er ein frivillig organisasjon registrert i Frivillighetsregisteret.

Om dei skulle fortsetje med avlysingar av planlagde førestillingar må dei i år søkje om kompensasjonsstøtte med tilbakeverkande kraft frå november i fjor og fram til sommaren.

Reglane knytt til ordninga er endra og må difor ut på ny høyring.

Arvid Hungnes avsluttar pressemeldinga med at Tomrefjord Kino håper 2022 blir eit betre år enn dei to føregåande.

Mest populære film

Boss Baby: Familiebedriften vart mest sett på Tomrefjord Kino i fjor med 110 besøkande. Vidare fylgje Daniel Craigs siste framsyning i smoking som James Bond i No Time To Die. Agenten fekk 99 besøkande.

Nummer tre på lista er kvalpane i PAW Patrole: Filmen som hadde 63 besøkande. Det er rett nok tvilsamt om nokon firbeinte sneik seg inn for ein titt.

Den norske katastrofefilmen Nordsjøen er neste på lista, 50 løyste billett for å fylgje dramatikken på sjøen.

Morticia, Gomez og blant anna Uncle Fester i animasjonsfilmen Familien Addams 2 vart nummer fem med 39 besøkande.

I 2021 viste Tomrefjord Kino 25 filmar fordele på 29 førestillingar. Totalt selde dei 787 billettar.

Det er ein nedgang frå 2020, då viste kinoen 33 filmar fordele på 42 førestillingar. Totalt gjekk 995 personar på kino det året.