Førti talent frå Midt-Noreg kan få to million kroner i stipend

SpareBank 1 SMN deler ut to million kroner i stipend til unge talent frå Midt-Noreg.
Ifylgje ei pressemelding frå banken har over tretten million kroner blitt delt ut gjennom Talentstipendet sidan 2003.
Det er unge i alderen mellom 18-30 år som har motteke dette stipendet frå SpareBank 1 SMN.
Stipendet har gått til talent innan idrett, kultur, gründerskap eller andre område.
I fjor søkte over 600 talentar om talentstipendet og banken håpe i år på fleire søknader.
Viktig for regionen
Banksjef Terje Kornes fortel i pressemeldinga at det er viktig for regionen at dei har unge talent som går framføre og visar veg og inspirere andre.
– Ved å bidra økonomisk, heie og gjere stas på ungdomane er vi med på å bidra til at unge talent får realisert draumane sine, seier Korsnes.
Kornes nemnar vidare at morgondagens heltar må tas vare på.
– Difor er eg veldig glad for at vi i 2022 kan auke potten til talentstipendet, seier banksjefen. Korsnes oppmodar samstundes unge talentar frå Romsdalen til å sende inn ein søknad.