Vestnesavisa
2 minutter lesetid

– Det er vanskeleg å få selt Ridderkroa

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Utleige av rom og hytter går bra for eigaren av Ridderkroa, Idar Seth. Men eigedomen er lagt ut for for sal, og interessa for å kjøpe slike næringseigedomar er i desse tider liten.

Sidan 1991 har Idar Seth drive Ridderkroa i Tresfjord. Kroa består av ein restaurant, og i tillegg har han utleige av rom og hytter.

Saka held fram etter annonsen

Ridderkroa gjennomgjekk ei renovering i 2009. Seth forklarar til Vestnesavisa at dei flytta restauranten ned frå tredje til fyrste etasje slik at dei kunne ha rom til utleige oppe.

Idar Seth frå ei tidlegare anledning. (Arkivbilete)

Vanskeleg med sal

Eigedomen har vore til sals i nokre år.

Han fortel at det har vore folk som er interesserte, men akkurat no er han ikkje nære noko sal. Det er ei vanskeleg tid på grunn av pandemien.

– Eg ser at det ikkje er stor interesse for å kjøpe liknande bedrifta nokon stad, seier Seth.

Ridderkroa har vore stengt i periodar, og det har også vore lite sal. Det er rett nok bra aktivitet rundt utleige av rom og hytter.

Seth er fornøgd med å ha drive kroa i tredve år.

– Eg har drive den utan å gå konkurs, og det må vel vere bra, seier han.