Vestnesavisa
8 minutter lesetid

– Eg trudde pandemien nesten var over

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Sabine Relling Bredeli trudde korona-pandemien var på veg til å gå over då ho tok over stillinga som kommuneoverlege i juni 2020, men det har sidan blitt nesten alt stillinga har handla om. – Det har vore ei bratt læringskurve, fortel ho.

Sabine Relling Bredeli seier ho kjem frå Vatne, men det høyrest ikkje slik ut når ho pratar.

Saka held fram etter annonsen


– Nei, eg budde dei sju fyrste åra mine på Lesja. Men dialekta har likevel blitt ganske utvatna, smiler ho.

Vestnesavisa treff ho på legesenteret ein fredag. Det er stort sett fredagar ho bruker i stillinga som kommuneoverlege. Resten av veka arbeider ho på Ålesund sjukehus, som ein del av spesialistutdanninga si som allmennlege.

Tolmodig mann

Det var i 2015 Sabine var ferdig med turnustenesta si som lege. Etter nokre vikariat byrja ho 1. september i 2017 som fastlege ved Vestnes legesenter. Samstundes etablerte ho seg på Rabben i Vestnes. Så har ho hatt mykje mammapermisjon.

– Ja, eg fekk fire born på fire år. Eg har ei jente som går i første klasse no, ein gut som straks er fem år og to som straks er tre år, fortel ho.

– Du fekk tvillingar?

– Ja, eigentleg var dei tre. Ein av dei døde under svangerskapet. Men eg fekk to fine gutar då, fortel ho.

På spørsmål korleis ho greier å kombinere kvardagen som kommuneoverlege, arbeide på sjukehuset og fire små barn, svarar ho – Ein tolmodig mann med moglegheiter for heimekontor.

Ho legg ikkje skjul på at det merkast i familien at ho jobbar mykje.

– Det har tæra på, når pandemien har blitt så langvarig. Vi har som mange andre også vore mykje fastlåst heime grunna smittevernsreglane, seier Sabine.

Kommuneoverlegen har som smitteansvarleg ofte hatt ein kontinuerlig straum med henvendingar å svare på, men i det siste har arbeidsmengda blitt mindre.

Kort samarbeidsveg i Vestnes

Sabine fortel at ho som kommuneoverlege, har fått mange utfordringar ho aldri trudde ho skulle få.

– Eg hadde verkeleg lyst på denne stillinga. Den har vore ei brattlæringskurve, men også spanande. Det har etter kvart som tida har gått, også blitt stadig meir interessant. Så har ein berre måtte ta det som kjem av utfordringar, når dei har dukka opp, fortel ho.

Som kommuneoverlege har ho også ofte vore den som har blitt spurt om ein kan gjennomføre planlagde arrangement eller aktivitetar, og korleis ein skal gjere det.

På spørsmål om ho har kjent seg mektig, ler ho og svarar «på ingen måte».

– Vi har heile vegen forheldt oss til dei nasjonale smittereglane. Eg har fungert meir som ein rådgjevar for kva som er lurt å gjere eller fornuftig. Det som er så fint i Vestnes, er at vi har hatt eit kjempegodt samarbeid mellom legesenteret, kommunen, skular, barnehagar og bedrifter. Vegen mellom oss har vore kort. Det trur eg har spart oss for mykje smitte, sjølv om vi er raudt på smittekartet no, fortel ho.

Så du kjenner du har møtt stor forståing?

– Ja, eg har ikkje blitt trua på livet enda, svarar ho spøkefullt.

Aldri vore uhandterleg

Då ho byrja i stillinga sommaren 2020 hadde Vestnes nokre få tilfelle av Covid19 etter feriereiser.

– Det har vore lite smitte mellom folk i Vestnes fram til september før gjenopninga av landet. Sjølv om vi har hatt mykje smitte sidan i haust, så har det aldri blitt noko uhandterleg eller uoversiktleg situasjon, seier Sabine.

Det var meir arbeid før når nokon vart smitta. Då måtte ho ringe opp smittesporingsteamet kvar gong dei fekk eit positivt tilfelle i kommunen.

– No er reglane blitt dempa, så dei som blir smitta varslar sjølv sine nærkontaktar. Frå å ha eit veldig stramt regulert regime, så har folk fått meir ansvar for å passe på seg sjølv. Det blir spanande å sjå når vi skal slutte med all testinga og berre teste folk som blir innlagt, seier ho.

Saka held fram etter annonsen

Då ho starta i stillinga som kommuneoverlege hald ho også mykje på med organisering av vaksinering. Denne jobben har ho no gjeve til helsesekretæren Kari Lene Kleiva Skogvoll ved legesenteret.

– Ho har gjort ein kjempejobb som vaksinekoordinator. På NRK sin oversikt over fullvaksinerte, så ligg Vestnes på sjetteplass i Noreg. Det er kjempemessig at så mange har blitt fullvaksinert, skryt ho.

– Vi har full legedekning i Vestnes frå måndag, men det varar berre i to veker, fortel Bredeli.

Full dekning i to veker

Vestnes legesenter har som mange andre legekontor, slitt med å skaffe nok leger. I det siste har det byrja nokre nye.

– Er det full dekning ved Vestnes legesenter no?

– Ja, frå måndag hadde vi full dekning, seier Sabine.

Så legg ho til – Men det har vi berre i to veker, for då skal ein annan lege ut i foreldrepermisjon.

Heile landet har ei fastlegekrise. Det har blitt lite attraktivt å jobbe som fastlege, då arbeidsmengda har blitt for stor og krev uendeleg mange timar med ekstraarbeid utover normale arbeidstider.

– Fastlegar har gjennom fleire år stadig blitt pålagt fleire oppgåver. Mange av dei som byrja som kommunelege på 80-90-talet går snart av med pensjon, og då vil vi få eit stort problem fordi det er ingen unge eller nye som ynskjer å ta over desse stillingane, fortel Sabine.

Myndigheitene har vore varsla om denne krisa i fleire år. Til no har det skjedd lite konkrete tiltak for å få ned arbeidsmengda til fastlegar, men politikarane er informert.

Ho sjølv skal byrje på igjen som fastlege i Vestnes 1. januar neste år.

– Eg trivst som fastlege, men kjem ikkje til å trivst om det ikkje vert reduksjonar i arbeidsmengda, avsluttar ho, før neste møte nærmar seg for kommuneoverlegen.