Tillet fleire besøkjande i kyrkjene

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.
Før helga kunngjorde regjeringa fleire endringar i smittereglane. Dette førte også til endringar for Vestnes sine fem kyrkjer.
– Vi har no lov til å samle inntil 200 deltakarar på arrangement innandørs, men regelen om ein meter gjeld fortsatt. Derfor blir talet som kan samlas i våre kyrkjer følgjande: Fiksdal, Tresfjord, Vike og Vågstranda kyrkjer kan ha 50 deltakarar med fast tilviste plassar, dersom det ikkje er nokon som er samla i kohortar. Vestnes kyrkje kan ta 70 deltakarar under same vilkår. Regelen om ein meter gjeld i alle retningar, opplyser Olav Egil Tomren, kyrkjeverje i Vestnes kyrkjelege fellesråd.
Saka held fram etter annonsen
