Tomrefjord Kino opnar igjen

Fyrstkommande fredag opnar dørene igjen for Tomrefjord Kino. Då er det klart for den etterlengta Spider-Man-filmen.
Kinosjef Arvid Hungnes seier til Vestnesavisa at det er hyggeleg at kinoen opnar igjen. Det byrjar å bli ei vane, men Hungnes fortel at han håper opninga blir den siste på ei stund.
Filmen som får æra av å starte kinoåret er Spider-Man: No Way Home. Den visast både fredag og søndag.
Eigentleg skulle filmen ha premiere i midten av desember, men framsyninga av filmen blei utsett, dette på grunn av nye restriksjonar.
70 sitteplassar
Tomrefjord Kino får ha 70 sitteplassar tilgjengeleg når kinoen opnar. Det er ikkje nødvendig å sjå filmen med munnbind på.
– Ein trenger ikkje ha på seg munnbind når ein sitt å ser på filmen. Berre når ein forlèt salen og går ut og inn på do, seier Hungnes.
Kinosjefen opplyser samstundes at dei ikkje kjem til å tvinge folk å ha på seg munnbind.
Fleire filmar kjem
Arvid Hungnes opplyser samstundes at det er fleire filmar som blir satt opp på Tomrefjord Kino utover.
Den nyaste versjonen av kultklassikaren Scream kjem, i tillegg til komedien Jackass Forever.
Ein litt meir barnevennleg film får du med Mumipappas Eventyr medan den historiske filmen Margrete den første blir å sjå med norske skodespelarar.
Musikalen Syng 2 og skrekkfilmen Vikingulven kan også sjåast.