Vestnesavisa
2 minutter lesetid

Frå Nesjestranda til Auschwitz

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Sverre Kragset har skrive bok om syskenparet som blei henta på Nesjestranda og ført til Auschwitz. No kjem han til Stella Maris for å fortelje historia.

Torsdag 27. januar er den internasjonale holocaustdagen.

Saka held fram etter annonsen

I den anledning kjem forfattar Sverre Kragset til biblioteket på Stella Maris. Der skal han fortelje om boka han har skrive om det jødiske syskenparet Tibor og Vera.

Boka heiter Krig og hverdag – jødebarna Tibor og Vera – og deres skjebne.

Syskenparet budde i prestegarden på Nesjestranda under andre verdskrig. Tibor budde der halvanna år medan systera rundt åtte månader.

Nansenhjelpen

Kragset har nær kjennskap til historia. Det var far hans som adopterte barna via Nansenhjelpen, ein humanitær organisasjon.

– Min far var sokneprest og partner i Nansenhjelpen. Den vart etablert i 1936 for å gje menneske i Europa etter fyrste verdskrig moglegheiter for statsborgarskap, seier Kragset.

Han fortel vidare at faren var primærkontakt for flyktningane som budde på Nesjestranda. Blant anna syskenparet.

– I boka har eg lagt vekt på ei tidsskildring, korleis kvardagen var, seier Kragset.

Familien hans dreiv også prestegarden med full gardsdrift. Tibor og Vera var ein del av garden og gjekk også på skule i bygda.

Syskenparet ende dessverre sine dagar på konsentrasjonsleiren Auschwitz.