Vestnesavisa
5 minutter lesetid

Fiksdal Friskule håper på klarsignal frå kommunen

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Fiksdal Friskule har allereie byrja å søke etter personell, men har ikkje nokon stad å vere enda.
– Vi håper formannskapet og kommunestyret vil gjere noko snart for å hjelpe oss, seier styreleiar Petter Inge Bergheim.

Det er ikkje sett av ei krone til Fiksdal skule til neste skuleår i budsjett. Skulen er i følgje Petter Inge Bergheim heller ikkje formelt nedlagt, og han lurer også på om det er nødvendig med ei formell nedlegging før dei kan starte opp.

Saka held fram etter annonsen

– Vi undrar oss over kvifor ikkje prosessen er satt i gong, og håper dei ikkje har tenkt å vente til august. I mai valte kommunestyret å støtte søknaden vår om å starte opp Fiksdal Friskule. Vi har ei godkjenning frå Kunnskapsdepartementet som er gyldig i tre år, fortel Bergheim.

– Her dei kjenner seg trygge

Foreldre i Fiksdal og på Rekdal har stadfesta at dei vil sende ungane sine på Fiksdal Friskule om den startar opp hausten 2022, så dei er sikre på at i alle fall over 20 elevar vil halde fram. Ellen Kristin Bergheim Rørvik er ei av mødrene.

– Eg har ein som skal byrje i første årssteg, og ei i fjerde årssteg. Eg ser absolutt at det er ein fordel å ha skulen i nærleiken. I Fiksdal får dei ein fin overgang frå barnehagen til skulen rett ved. Det er her dei kjenner seg trygge, seier ho.

Saka held fram etter annonsen

Å sende borna på bussen til Tomrefjord, ser ho på som lite gunstig.

Styreleiar Petter Inge Bergheim, dagleg leiar Sindre Gjelsten Bøe og småbarnsmor Ellen Kristin Bergheim Rørvik.

– Her er lite busskur, og mange av oss pendlar over Nakkedalen til jobb. Det vert nesten umogleg å rekke jobb, om ein først må til Tomrefjord å levere ungane, seier Kristin.

– Det er ikkje mange som tenker på Fiksdal si geografisk plassering. Det er omtrent like langt her i frå til Digerneset, som det er til Skorgen, legg Petter Inge Bergheim til.

Fiksdal Friskule vil bli driven etter den kristne formålsparagrafen. Dei har diskutert om det meste av lekser skal bli gjort i skuletida.

– Leksehjelp på skulen kan vere med å utjevne ulikheita mellom kor mykje hjelp dei ulike får heime, ved at alle stiller likt, seier Petter Inge Bergheim.

– Kanskje kjem det andre elevar til Fiksdal Friskule også etter kvart, seier Ellen Kristin Bergheim Rørvik.

Modent for riving

Styret har byrja å søke etter personell til Fiksdal Friskule, og håper på grønt lys frå kommunen.

– Om vi ikkje rekk å starte opp til hausten, blir det vanskelegare å få tak i folk. Vi gjer oss uansett så klare som vi får til, og satsar på at vi skal kome i gong på første forsøk. Vi håper kommunen ikkje bruker for lang tid til å hjelpe Fiksdal Friskule til å kome i posisjon til å starte opp, seier styreleiaren.

Dagleg leiar for Fiksdal Friskule, Sindre Gjelsten Bøe, håper dei kan kome i dialog med kommunen med tanke på å ta over bygningane. Det eine trebygget er bygd tidleg på 50-talet og er i sørgjeleg forfatning.

Den nyare delen som vart bygd på 70-talet treng også omsorg og rehabilitering.
Firmaet Norconsult har rekna ut at det vil koste 30 til 40 millionar kroner å setje skulen i stand. Det omfattar også riving av trebygget.

– Det er kommunen som eig bygget. Vi ynskjer å leige lokalane og kanskje kjøpe seinare. Vi håper vi kan få til ein fin dialog og godt samarbeid med kommunen, seier Gjelsten Bøe.

Bergheim håper også dei kan få ta over til ein pris som rimar det andre skular har blitt tilbydd.

Dei treng også brukstillating etter Plan- og bygningslova, og ei godkjenning i tråd med Forskrift for miljøretta helsevern. Det håper dei rekk alt før neste skulestart.