Vestnesavisa
1 minutt lesetid

Siste Covid-19-status

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Vestnes kommune melder om ti nye tilfelle av Covid-19 sidan førre tysdag. Eit av tilfella er via innreise.

Frå førre tysdag har det blitt registrert ti smittetilfelle av Covid-19 i Vestnes kommune. Det melder kommunen på sin heimeside.

Saka held fram etter annonsen

Eit av desse tilfella skjedde via innreise.

Under gårsdagens formannskapsmøte sa administrasjonssjef Kristian Skålhavn at vaksinasjon er tilgjengeleg for alle over 12 år. Både Moderna og Pfizer blir brukt som vaksine.

Skålhavn opplyste samstundes at det skal vere tjue veke intervall mellom andre og tredje dose. Dose fire blir tilbydd dei med nedsett immunforsvar.

Vaksineringa skjer i Vestneshallen. Kulturhuset Idahall skal bli brukt etter kvart.