Vestnesavisa
2 minutter lesetid

– Fleire må ta lærarutdanning

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Formannskapet i Vestnes kommune meiner at ei styrking av kompetansenivået i skulen vil føre til at fleire tar høgare utdanning.

På tysdagens formannskapsmøte snakka dei om kommunesektorens interesseorganisasjon (KS), som alle kommunar og fylkeskommunar er medlemar av. Her var det nemnd at fleire må ta lærarutdanning.

Saka held fram etter annonsen

Fleire lærarar

I ein uttalelse frå formannskapet til KS sitt debatthefte for 2022 skriv formannskapet at KS må arbeide for at det blir eit større fokus på at fleire tek lærarutdanning.

Det kjem fram av protokollen frå møtet at mange underviser utan lærarutdanning, samstundes underviser også lærarar i fag som dei ikkje er utdanna til.

Formannskapet skriv vidare at ei styrking av kompetansenivået i skulen vil føre til at fleire tar høgare utdanning. Her nemner dei blant anna sjukepleiarar, det vil Noreg trenge i framtida.