Ynskjer tiltak for langtidsarbeidsløyse

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.
Ordførar Randi Bergundhaugen (H) ynskjer tiltak for dei som er langtidsarbeidslause.
Ei gruppe menneske som ofte blir gløymt er dei som har stått lenge utanfor arbeidslivet.
Saka held fram etter annonsen
Nav-direktør Hans Christian Holte har i tidlegare intervju med norske medium sagt at det er ei gruppe som bekymrar han.
Temaet vart også tatt opp av ordførar Randi Bergundhaugen (H) under tysdagens formannskapsmøte i Vestnes.
Ho fortalte politikarane som var til stades at det er kjempeviktig at dei som er lengst unna arbeidslivet må få lov til å kome inn igjen.
– Dette er noko som eg brenn for, seier Bergundhaugen.
Ordføraren etterlyser fleire tiltak, som kan hjelpe dei som har vore lenge i arbeidsløysa. Ho oppmoder politikarane til å tenkje på kva dei kan gjere.