Søkjer etter fleire frivillige til Tresfjord Museum

– Å drive museum er skikkeleg spanande. Men vi treng fleire som vil sitje i styret eller berre hjelpe til, seier leiar for Tresfjord Museum, Olav Endre Venås.
Venås seier at Tresfjord Museum er eit museum for heile Vestnes. Han ønskjer at folk som også bur utanfor Tresfjord, skal kjenne på at museet tilhøyrer alle i kommunen.
– Vi er det einaste museet i Vestnes, som eig oss sjølv. Bygdemuseet jubilerer 80 år i 2023, og det er noko vi planleggjer å markere, seier Venås.
Han håper også på at dei får arrangert fleire konsertar, julemarknad og den tradisjonelle familiedagen.
– Det er mykje ein kan finne på. Det må berre planleggjast, og så må vi ha folk og økonomi til å gjennomføre aktivitetane, fortel Venås.
Gøy med museum

Olav Endre Venås håper folk som ynskjer å vere med i styret, kan ta kontakt. I valkomiteen sit Steinar Kjersem og Hans Sylte.
– Vi har møter kanskje annankvar månad, og litt meir framfor større arrangement. Å jobbe på museum er artig. Ein lærer mykje om historie, og treff mange kjempehyggelege folk. Kanskje er det nokon som er glad i å skrive, eller flink med rekneskap som kan tenke seg å gjere ein liten innsats, seier han.
Tresfjord Museum ynskjer også å starte ei venneforeining. Då dei prøvde å innkalle til møte i fjor, var det lite respons. Men dei gjer seg ikkje, og vil setje opp eit nytt skipingsmøte.
Økonomien betra seg
Økonomien til Tresfjord Museum har tatt seg opp, mykje grunna loddsal og kalendersal. Alle som ferdast i sentrum, har sikkert lagt merke til dei. Olav Endre Venås og Rudolf Rødseth sitjande ved eit bord, for å selje lodd eller årskalendrar.
– Kalendersalet gjekk kjempebra. Vi selte ut alle 400, og fekk inn om lag 90.000 kroner. Vi hadde også det tradisjonelle Olsoklotteriet vårt i fjor, som ga ei rekordinntekt på 56.000 kroner, smiler Venås.
Men pengar trengst, for det er mykje som skulle vore fiksa på Tresfjord Museum. Det fyller også tross alt 80 år neste år.