Vestnesavisa
4 minutter lesetid

Skulefritidsordning er mykje billigare privat

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Det er billigare med skulefritidsordning hjå Vike Montessoriskule enn det er hjå kommunale skular i Vestnes.

Skulefritidsordninga (SFO) kostar i Vestnes kommune 2990 kr i månaden viss ein ynskjer eit fulltidstilbod. Tilbodet gjelder for barn i fyrste til fjerde klasse.

Saka held fram etter annonsen

Matpengar kjem i tillegg, her er summen 150 kr per månad.

Elevar med særleg behov i femte til sjuandeklasse kan også få SFO-plass. Det må då leverast inn ein eigen søknad.

Tomrefjord og Fiksdal SFO er ope frå 06.45 til skulestart og frå skuleslutt til 16.30.

Helland SFO er ope frå 07.00 til skulestart og frå skuleslutt til 16.30.

Eiget budsjett for privatskule

Vestnesavisa bestemte seg for å sjekke med privatskulen Vike Montesorriskule om deira skulefritidsordning.

SFO har der opningstid frå 07.00 til 08.30 om morgonen og etter skuletid er det frå 14.30 til 16.00. Det er mogleg å be om utvida tid ein halvtime ekstra mot slutten av dagen.

Rektor Siv Elin Sæther kan fortelje kva prisen på deira skulefritidsordning er.

– Eit ordinært tilbod kostar 1450 kr per månad. For utvida opningstid er prisen 1650 kr, seier Sæther. Mat og drikke er inkludert i prisen, legg ho til.

Tilbodet gjelder i hovudsak fyrste til fjerde klasse, men Sæther fortel at elevar frå femte til sjuandeklasse kan kjøpe halv plass.

Her er det morgon eller kveld som gjelder. Prisen er 700 kr om morgonen og 800 kr for ettermiddag.

– Det er dyrare på slutten av dagen på grunn av maten, seier Sæther.

Ho fortel vidare at privatskulen har eit eiget budsjett. Dei har ikkje lov til å overføre pengar frå dette til skulefritidsordninga.

– Det må vere sjølvfinansierande. Vi har difor ikkje moglegheit for å ha ope når det er ferie. Skulen får heller ingenting frå kommune eller stat for SFO, seier Sæther.

Pris etter organisering

Vestnesavisa slår på tråden til Knut Øyvind Hoem. Han er kommunalsjef i oppvekst for Vestnes kommune.

– Kva tenkjer du om at det er billigare for SFO i privatskulen?

– I utgangpunktet forhald eg meg til dei prisane som kommunen har og ikkje prisen som privatskulen har, seier Hoem.

Han fortel vidare at prisen i privatskular er alt etter korleis dei organisera seg. Om det er same tilbod og så vidare.

Kommunalsjefen seier samstundes at det er ikkje dermed sagt at ein betalar full pris i ei skulefritidsordning.

– Utgiftene til SFO skal vere maks seks prosent av hushaldningas totale inntekt, seier Hoem.