Svært vanskelege køyreforhold
Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.
Onsdag kveld er det svært vanskelege køyreforhold i Møre og Romsdal. Nullføre på vegane og snøfokk gjer at det er utfordrande å ferdast trygt langs vegnettet.
Vegtrafikksentralen (VTS) melder at E136 er stengt mellom Åndalsnes og Bjorli på grunn av svært dårlege forhold.
Saka held fram etter annonsen
Elles melder både Politiet i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal 110-sentral om fleire hendingar langs vegane. Det er for det meste materielle skadar.
Bilførarar vert oppfordra av politiet til å ikkje legge ut på køyretur utan at det er strengt naudsynt.