Snart nok pengar til nytt tak

Bedehusets Venner nærmar seg fullfinansiering av nytt tak på Kjellbotn bedehus. Mykje takka vere ei stor gåve.
Kjellbotn bedehus i Skorgen vart reist i 1909, og har gjennom historia blitt nytta av både Sjømannsmisjonen og Indremisjonen. No er det bygdefolket som eig huset. Bedehusets venner er ansvarleg for drifta og vedlikehaldet. Bedehuset skal framleis nyttast til kristne formål, men er også blitt ei forsamlingshus for bygda.
Starta innsamlingsaksjon
Det gamle skifertaket har behov for fornying av underlaget og omlegging. Ein jobb som har fått ei kostnadsramme på 300.000 kroner. Olav Endre Venås i Bedehusets Venner, fortel at dei snart er i mål.
– Vi fekk 100.000 med Kulturminnefondet. I januar fekk vi også 150.000 kroner i gåve frå nokon som ynskte å vere anonym. Det var svært, seier Venås.
For å samle inne dei siste 50.000 kronene, og kanskje noko ekstra til ein bufferkonto, har Bedehusets Venner starta innsamlingsaksjon på Spleis.
I skrivande stund har dei fått inn 3.350 kroner.