Kommunen kan ikkje love friskulen noko lokale enda

– Friskulen treng ikkje at vi legg ned Friksdal skule for å starte opp. Den skal vere eit sjølvstendig alternativ til den offentlege skulen, seier kommunalsjef for oppvekstsjef, Knut Øyvind Hoem.
Han kan heller ikkje love vekk skulebygget.
Vestnesavisa skreiv nyleg at Fiksdal Friskule har byrja å søkje etter folk, men har førebels ikkje noko lokale for hand.
Dei etterlyste svar frå kommunen, om dei kan leige skulebygget, men må smøre seg med tolmod nokre månader til.
– Her er framleis offentleg drift av Fiksdal skule i bygget. Vi veit heller ikkje enda om skulen blir offisielt nedlagt til hausten, og kan difor ikkje forskottere nokon lovnadar. Kanskje den ikkje blir det. Det er mange ulike meiningar om nedlegginga, seier Knut Øyvind Hoem.
Saka behandlast i april
Administrasjonen har avklart med Statsforvaltaren korleis prosessen med ei eventuell nedlegging skal skje. Innan neste veke blir forslaget om nedlegging lagt ut på høyring via Vestnes kommune sine heimeside.
– Her er det mogleg for foreldreutval, samarbeidsutval og andre involverte å uttale seg innan fristen som er to månader. Vedtaket om ei eventuell nedlegging vil bli behandla i kommunestyremøte i slutten av april ut ifrå møteplanen, fortel Øyvind Hoem.
Før den tid vil ikkje administrasjonen i Vestnes kommune love vekk noka lokale.
– Vidare bruk av bygget kan vi vurdere etter saka er behandla i kommunestyremøte, om her ikkje lengre vert offentleg drift, seier Hoem.
Administrasjonssjef Kristian Skålhavn, seier dei treng ei formell henvendig om Fiksdal Friskule er interessert i å leige eller kjøpe bygget.