Eit annleis blikk på lakseeventyret

I haust kom opprettsboka «Den nye fisken» som handlar om temming av laksen og alt det underlege som skjer, skrive av journalistane Kjetil Østli og Simen Sætre. Sistnemnte presenterte nyleg historia til 100 frammøtte i Rauma kulturhus.
Historia fortel om ei næring som tener enorme summar, medan den påføre samfunnet store kostnadar.
Journalisten Simen Sætre som hadde sitt tidlegare arbeid i Morgonbladet, sette søkelyset på etiske spørsmål om fiskens velferd. Slik blir boka ei sterk lesing for mange.
Søkkrike på laks
Oppdrett av laks og aure utnyttar fellesskapets ressursar. I fjor vart det eksportert norsk sjømat til ein verdi av over 120 milliardar kroner. Det tilsvara 3,1 millionar tonn sjømat.
– Både enkeltmenneskjer og staten har tent seg søkkrike på den sølvglinsande fisken. Langs kysten held merdar og slakteri liv i lokalsamfunn som elles ligg brakk. Men lakseeventyret har også ei mørk side, fortel den engasjerte journalisten.

Laksenæringa påverkar naturen
Under sitt foredrag, fortel Sætre om eit lakseeventyr med bismak, om ei næring med tidenes verste omdømmescore.
Nokre av spørsmåla som blir belyst i boka, vart også debattert i kulturhuset: Kva skjer når man plassera eit nytt dyr i fjorden? Korleis påverkar det dei andre fiskane og artane, fjordane og elvane?
Kva skjer med forskarane som ropar varsku med fiskevelferd for dyra, føre -var -prinsippa og skattepolitikken når myndigheita ynskjer vekst?
– Då villaksen vart temma og den nye fisken vart sett ut i naturen, begynte store ting å skje. Plassar langs kysten fekk nytt liv, folk fekk arbeid og fleire vart milliardærar. Staten såg på det heile som eit eventyr og velsigna fortsetjinga, fortel Simen Sætre, som også peikar på korleis laksenæringa har påverka naturen og samfunnet vårt elles.

Ein parasitt på laksen
Saman med sin journalistkollega Kjetil Østli skapte dei høge bøljar med ein artikkelserie i Morgonbladet og Harvest om laksenæringa.
No teiknar dei eit større bilete i boka si, som famnar heile forteljinga om oppdrettslaksen.
– Lakselusa er den aller mektigaste i heile laksenæringa. Lakselusa er ein art i gruppa hoppekreps, som lever som parasitt på laksen. Ho lever av slimet, huda og blodet til fisken. Lakselusa er saman med rømming, den største utfordringa for fiskehelsa i norsk oppdrettsnæring, seier Sætre.
Håp om løysing
Han fortel også at det er nesten 150.000 oppdrettsfisk som døyr i merdane kvar dag. Han legg til at vi alle er tent med å få vite kva slags oppdrettsanlegg som har størst problem med ein slik årsak, og kven som ligg lavt.
– Vi må peike på problema og være ærlege på det, før vi saman kan finne den beste løysinga, seier Simen Sætre, ein av forfattarane i oppdrettsboka «Den nye fisken».