Vestnesavisa
2 minutter lesetid

Kraftig auke i hundekjøp

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Norsk Kennel Klubb registreringstall for 2021 viser ei auke på nesten 30 prosent fleire registrerte rasehundar.

Ifylgje pressemeldinga vart det registrert 37.314 nye rasehundkvalpar i fjor. Det er ei auke på nesten 30 prosent frå 2020.

Saka held fram etter annonsen

Oversikta viser at det er hunderasen Border collie som var den mest populære rasen i fjor. Det er ein gjetarhund og egnar seg difor mest for aktive hundeeigarar som kan gi den fysisk og mental stimulering.

I fjor vart det registrert totalt 1.679 nye kvalpar i Noreg. På andre plass på lista finn du Engelsk setter med 1.330 registrerte kvalpar.

Dette er ein fuglehund og blir beskrive som ein energisk og uthaldande hunderase som trenge mykje mosjon for å trivast.

På tredje plass ligg Staffordshire bull terrier med 1.243 registrerte kvalpar. Rasen er ein populær familiehund som både er tolmodig og hengiven ovanfor mennesker.

Topp 10 registrerte hundar frå i fjor:

  1. Border collie
  2. Engelsk setter
  3. Staffordshire bull terrier
  4. Golden retriever
  5. Labrador retriever
  6. Norsk elghund grå
  7. Schäferhund normalhår
  8. Cocker spaniel
  9. Dansk-svensk gårdshund
  10. Gordon setter