Vestnesavisa
1 minutt lesetid

Brann ved bustad på Vågstranda

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Det byrja å brenne i ein søppeldunk i tilbygget til ein bustad tidlegare i går søndag. Politiet vil etterforske årsak til brannen.

Brannvesenet frå Vestnes og Rauma og politiet rykka søndag ut til ein einebustad på Vågstranda. Brannen starta i tilbygget til huset i ein søppeldunk.

Saka held fram etter annonsen

Fire personar bur på plassen, men alle kom seg i sikkerheit. Politiet skriv på sin Twitter-konto at årsak til brannen vil bli etterforska.

Politiet skriv vidare at det er meldt om skade på tilbygg og bustad, men at bebuarane kan bruke bustaden. Ein person vart utsett for røyk, men er sjekka av helsepersonell, utan vidare tiltak.