Folk i farta; Om fiskeoppdrett og utbygging i sjøkantane

Fiskeoppdrettsanlegg og utbygging i sjøkanten skaper mange kjensler og meiningar mellom folk. Vi stilte følgjande spørsmål denne veka:
1. Kva tykkjer du om at det vert etablert fleire fiskeoppdrettsanlegg i Vestnes sine fjordar?
2. Har vi plass til fleire hytter og utbygging i sjøkantane våre?
Gunnar Ødegård (64), Pensjonist, Vestnes
1. – Problemstillinga er nok viktigast for dei som skal behandle slike saker. Med det meiner eg at dei må vel fordelar og ulemper opp mot kvarandre. Inga enkel sak dette.
2. – Eg er ikkje glad for at det blir bygd nær strandsona. Slik eg forstår er det bestemte reglar knytt til allemannsretten, og den må sjølvsagt respekterast av alle.
Nina Overå (58), Butikkmedarbeidar, Vestnes
1. – Eg er ikkje motstandar av at det blir etablert fleire arbeidsplassar. Me treng både inntekter og tilflytting til kommunen vår. Når det gjeld oppdrett, må vel landbasert anlegg være meir positivt reint miljømessig, og ikkje minst det beste for laksen.
2. – Vi bør nok vise mest mogleg fornuft og skjønn, langs sjøkantane. Sunn fornuft er i alle samanheng lurt å bruke i vanskelege avgjersler.
Atle Astrup (72), Pensjonist, Hjelvika
1. – Eg må seie at eg held meg mest med til landbasert anlegg, slik utviklinga no viser. Når man ser på ulemper med oppdrett i sjø. ser eg at framtida må bli landbasert.
2. – I utgangspunktet bør det ikkje vere eit problem å bygge seg ei hytte på eiga tomt utanfor strandsona. Sjøkantane bør man ta vare på så langt som vanleg fornuft råder.
Olav Venås (51), Museumsleiar, Vestnes
1. – Eg vil heller ha all oppdrettsfisk på land, for å unngå sjukdom og rømming.
2. – Så lenge dei held seg borte frå strandsona, bør det kanskje være greitt. Men det er viktig å følgje gjeldande lovverk og reglar som må gjelde for alle.