Helland – kor gale kan det bli?

Ein tresfjording burde kanskje ikkje meine noko om korleis det ser ut på Helland. Når eg no les at det er planar om å bygge eit (u)rimeleg høgt bygg i strandkanten ved sida av REMA, greier eg likevel ikkje å halde kjeft lengre. Nyleg har det skjedd så positive ting ‘til Hellands forskjønnelse og trivsel’ at ein ikkje burde øydelegge dette – Kataholmen og ‘Sjøblomsten’ er kjempebra og eit verkeleg ‘løft’! Men eit 4 etasjars bygg i sjøkanten ved REMA vil øydelegge heile området med tanke på utsjånaden. Utsynet mot fjorden får eit trasig og stengande framandelement, som bryt totalt med det opne, fri utsynet mot sjøen og dei lave, bølgjande, mjuke linjene i landskapet vestover. Inntrykket av Helland vil bli heilt forandra.
Helland har etter mi meining brukt opp tabbekvoten når det gjeld bygg. Eg skal ikkje nemne alt, men står du på busshaldeplassen eller Kataholmen og ser innover mot Daugstad og Tresfjord, får du blokka der trappeskulen låg som eit rusk i auget. Ein må vere gammal nok til å hugse trappeskulen for å begripe korleis eit slikt bygg kunne bli sett opp på ein slik plass, men sjølv då er det vanskeleg å forstå. Men å bu der er sjølvsagt flott, ikkje noko med det.
Så har det vore – etter mi meining – vanvittige planar om å gjere Livneset til eit Hellands «New Manhattan», fullpakka med relativt høge bygg. Berre eit Tresfjord-ord er dekkande – sjøstygt! Helland ville verte totalt utskjemt. På Livneset burde heller vore eit grønt , attraktivt parkområde – med meir vegetasjon der inne enn på Kataholmen, men ikkje ‘trailerpark’!! – det kunne gitt Helland ein verkeleg attraktiv utsjånad. Trekk dei høge og massive bygga bakover mot lia og åssidene, køyr dei ikkje fram i strandlinja og ut på nesa.
No går eg pessimistisk og berre ventar på at det skal komme planar om meir utbygging mot Gjermundnes på Bakneset, slik at den fine horisontlinja der borte sett frå Helland vert stygg og taggete av bygga – det ville blitt prikken over i’en. Helland sentrum ser ut til å mangle ei heilheitleg plan. Skal ein halde fram slik, bør sentrumsforeininga snart dele ut mørke briller til besøkande.