Vestnesavisa
2 minutter lesetid

Vann 4-1 over Elnesvågen i treningskamp

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Vestnes Varfjell fotball sigra i treningskamp på heimebane.

Klubben skriv på sin heimeside at det var Elnesvågen med tidlegare Varfjell-spelar Jacob Ulvestad som skåra gårsdagens fyrste mål etter 17 minutt.

Saka held fram etter annonsen

Svein Eirik Male utlikna etter 55 minutt før kaptein Elling Olafsen satte inn 2-1 like etterpå. Adrian Kosinski avsluttar eit godt angrep med å sette ballen i mål dryge kvarteret før slutt.

Olafsen setter inn sitt andre mål for dagen og heimelagets siste 89 minutt ut i kampen. Det vart til slutt ein fortent 4-1 siger for blåtrøyene.

Laget: Lars Håvard Heen Lien (Owen Connor 45) Håkon Kjørvik, Vegard Ellingseter (Leo Krogset 70) Svein Lange Male (Arjan Sylte 60) Lars-Helge Lien, Amund Stavem, Oliver Søreng, Tor Bjarne Salte (Airidas Skirgaila 70) Juan Larsen, Elling Olafsen (Cap), Adrian Kosinski.

Saka held fram etter annonsen

Divisjonskollega Åndalsnes måtte 17. februar reise heim frå Vestnes med 2-1 tap i bagasjen etter treningskampen på Vestnes idrettspark.

Kosinski og Olafsen skåra måla for Vestnes Varfjell i den kampen.

Blåtrøyene har starta treningskampane i år. Vestnes Varfjell sesongdebuterar i 4. divisjon borte mot Tomrefjord 24. mars.