Vestnesavisa
4 minutter lesetid

– Vi må prøve å halde oppe aktiviteten

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Rekdal Idrettslag har ikkje eit herrelag lenger, men aktivitet er det likevel. Dei møtes for å vere sosiale og finn på andre aktivitetar.

Helge Bjerkevoll er leiar for Rekdal Idrettslag. Bjerkevoll fortel til Vestnesavisa at akkurat no er det lite konkurransar som føregår.

Saka held fram etter annonsen

Det er mest gjennom det sosiale at folk møtast.

Om sommaren blir mellom anna fjellturar arrangert. På vinterstid har dei hatt ein samankomst på skulen ein gong per veke. Då samlast dei i gymnastikksalen for å spele biljard, bordtennis og kort.

Samarbeid med Tomrefjord

Fotballbana på Rekdal er det rett nok mogleg å bruke. Men Bjerkevoll kan fortelje at det er litt arbeid som må gjerast med sjølve bana.

– Graset på bana må slåast og haldast ved like. Det veks også godt igjen rundt bana. Garderobe og klubbhus må også gjerast noko med, seier Bjerkevoll.

Det er fleire år sidan herrelaget til Fiksdal/Rekdal sist spelte fotballkampar på Rekdal.

– Korleis er det å ikkje ha eit herrelag?

– Det er noko ein må innfinne seg i med tanke på folketalet. No er det Fiksdal/Rekdal Ballklubb som gjeld, der har vi eit samarbeid med Tomrefjord når det gjeld barnefotball.

Bjerkevoll fortel at det er rett nok litt vanskeleg å få arrangert kampar på Rekdal.

Ifylgje Facebook-sida til Fiksdal/Rekdal Ballklubb har dei eit G7-lag, i tillegg til samarbeidslag med Tomrefjord på G9, 10, 11, 13 og 16-nivå.

Bjerkevoll meiner rett nok at fotballbana deira er litt for dårleg. Han trur at banedekket må gjerast noko med. Viss ikkje så reknar han med at det blir heilt slutt på fotballspeling.

Frå ein fotballkamp i 2019, med Kjetil Rekdal og Bernt Hulsker som aktørar for VG. Foto: Privat

Populært med krokket

Leiaren trur moglegheita for eit herrelag på A-nivå på Rekdal er liten i framtida. Med mindre det skjer noko spesielt.

Sjølv om det ikkje blir så mykje fotballspeling på Rekdal, så er eit godt krokketmiljø allereie på plass.

– Krokketmiljøet er veldig bra. 10-15 stykkar spelar eit par kveldar i veka. Då spelar vi på fleire banar og konkurrerar litt, seier Bjerkevoll.

Krokket-speling. Foto: Privat

– Korleis ser du for deg framtida til Rekdal IL?

– Idrettslaget fungerar i dag eigentleg som ei velforeining. Vi må prøve å halde oppe aktiviteten for å aktivere folk, seier Bjerkevoll.

Han håpar også at dei kan investere i ein robotklippar til fotballbana. Akkurat no er dei fire stykkar som skiftar på å klippe bana.

Rekdals store fotballson, Kjetil Rekdal, har nyleg blitt Rosenborg trenar. Men Bjerkevoll har ingen interesse av å bli Rosenborg patriot av den grunn.

Han trur heller ikkje at det er frykteleg mange på Rekdal som heiar på Rosenborg.