Vestnesavisa
3 minutter lesetid

Vestnes Varfjell med to kampar og ei trening på ei helg

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Vestnes Varfjell forbereder seg til sesongstarten. Førre helg vart det to treningskampar og ei treningsøkt i Trondheim.

Fredag 22. april er det sesongopning i fjerde divisjon for Vestnes Varfjell og Tomrefjord. Då møtast dei til kamp på Vestnes Idrettspark.

Saka held fram etter annonsen

Kampen skulle eigentleg gå i Tomrefjord, men vart flytta på grunn av at grasbana der ikkje er spelbar akkurat no.

Treningshelg i Trondheim

I Trondheim førre helg hadde Vestnes Varfjell treningshelg. Ifylgje heimesida til klubben var det ei vellukka treningshelg mot tøff motstand.

Det vart både to fotballkampar og ei treningsøkt for dei blåkledde. Fyrste kamp blei spelt mot KIL/Hemne i Sodvinhallen fredag.

Her vann Vestnes Varfjell-spelarane kampen 4-3 etter skåringar av Adrian Kosinski, Aridas Skirgaila 2 og Oliver Connor Søreng.

På Salmarbanen ved Lerkendal laurdag møtte dei blåkledde NTNUI Fotball. Idrettsforeininga til NTNU i Trondheim vart for sterke og Vestnes Varfjell tapte 0-5.

Tidlegare Vestnes Varfjell-spelar Liam Connor spelte for heimelaget mot gamleklubben. Han fekk også løyve til å spele ein omgang mot KIL/Hemne for dei blåkledde etter avtale med laget sitt.

Frå kampen mot KIL/Hemne.

Planlagt avslutning

Trenar Alexander Connor seier til Vestnesavisa at førre helg var ei grei gjennomkøyring for Vestnes Varfjell.

– Det var ei planlagt avslutning på ei litt tøffare treningsperiode. Vi hadde tenkt å spele mot nokre lag som vi vanlegvis ikkje møter, og avslutte med ei sosial helg i Trondheim, seier Connor.

Han fortel vidare at motstanden var veldig bra. Det var kalkulert at kampen mot NTNUI Fotball skulle vere den tøffaste. Det var også fleire slitne bein i den siste kampen.

Connor fortel også at det går bra med sesongoppkøyringa. Det har vore greie treningsforhold. Lite skadar har dei også hatt.