Vestnes Varfjell stiller med seniorlag i sjuarserien

VVI har meldt på eit lag til sjuarserien som skal vere eit tilbod til spelarar som er fyrste års junior og reserver frå A-laget.
Vestnes Varfjell Idrettslag (VVI) skriv på heimesida si at dei har meldt på eit seniorlag til. Laget skal spele i sjuarserien og skal fyrst og fremst vere eit tilbod til spelarar som er fyrste års junior og reserver frå A-laget.
Klubben har ein større stall enn tidlegare. Dei har samstundes ein del spelarar som har blitt for gamle for G16-laget. Trenar blir Alexander Connor, som også er trenar for klubbens A-lag.

I sjuarserien blir det nabooppgjer med Vågstranda, som har fleire spelarar som tidlegare har spelt for Vestnes Varfjell.
Serieopninga er satt til 26. april, motstandar blir Bjørset på bortebane.
Vågstranda startar sin sesong med bortekamp mot Eresfjord og Vistdal/Eidsvåg 18. juni.
18. mai er datoen alle må hugse på. Då skal Vestnes Varfjell og Vågstranda møtast til nabooppgjer på Vestnes Idrettspark.