Hestesporten skapar samhald og glede

Endeleg er hestesport-sesongen godt i gang. Under Vintercupen i helga på Stall Wenaas i Tresfjord, stilte Vestnes Islandshestforening sterkt med mange deltakarar.
Vintercup nummer tre vart arrangert av Vestnes Islandshestforening, og stemnet hadde 46 påmeldte ekvipasjar. Dette er eit kvalifiseringsstemne til større stemner.

Mikail Bele Islek (26) frå Vestnes har ti års erfaring med hest, og på laurdag deltok han i konkurranse med hesten Andvaka frå Andersgarda.
– Eg har fått veldig god hjelp av hesteeigar Kjersti Rypdal Vik ved Stall Skeidsvoll, fortel Mikail.
Han skryt av godt og triveleg miljø og legg til at det viktigaste er å kunne delta.
Tonje Keiseraas instruerer hesten Kaldi og Martine Nerheim Smisetfoss på uteområdet, før dei skal bevege seg inn i konkurransehallen.

Dottera Julie Keiseraas (15) rir på Klidur. Ho står saman med venninna Mia Venås (15) med hesten Tøfri.
Alle er deltakarar i Vestnes Islandshestforening.
Stemnet som starta laurdag, vart avslutta søndag med premieutdeling.
