Vestnesavisa
2 minutter lesetid

Vestnesavisa ynskjer meir debatt

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Synast du det er noko som er urettferdig? Feil? Eller bra? Har du ei mening om aktuelle sakar som er i vinden, så vil vi gjerne høyre den.

Jo enklare språk du brukar, desto fleire lesarar får innlegget ditt. Det same gjeld lengda på innlegget. Prøv og sei mykje, med minst mogleg ord.

Saka held fram etter annonsen

Unngå utropsteikn og store skrikande bokstavar, det forstyrrar berre leseflyten.

Nokre tips

Inneheld innlegget faktaopplysningar så vert det gjerne meir truverdig om du skriv kor du har funne opplysningane.  

Det er ingen aldersgrenser for lesarinnlegg, og dei beste kjem gjerne frå mannen eller kvinna i gata.

Personangrep er ikkje tillate, elles er takhøgda vår stor.

Legg gjerne ved eit bilde på minimum 200 kb av deg sjølv eller noko som illustrerer det du skriv om.  

Nye skribentar i Vestnesavisa sine debattsider vil framover få moglegheita til å vinne ein termos, då vi vil trekke ut ein vinnar mellom desse kvar månad.

Send ditt lesarinnlegg til: redaksjon@vestnesavisa.no