Får aldri meir køyre bil i Norge

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.
Ein mann i slutten av 40 åra som var busett i Vestnes, får aldri meir køyre bil i Norge. Dette bestemte Møre og Romsdal tingrett førre veke, då han vart dømt for promillekøyring for andre gang.
Det var i januar i år tiltalte køyrte i grøfta i Ålesund på glatt vinterføre. Politiet vart tilkalla av vitnar som raskt oppfatta vedkomande som berusa. Då politiet tok blodprøve av sjåføren knappe to timar seinare vart promillen målt til 2,65 prosent. Då hadde han heller ikkje noko gyldig køyrerett å vise fram, fordi han nokre månader tidlegare hadde fått fire års køyreforbod i Norge grunna promillekøyring.
Saka held fram etter annonsen
Saka held fram etter annonsen
Mannen som er av austeuropeisk opphav, møtte ikkje sjølv opp i retten og skal også ha flytta frå Vestnes.
Etter ei samla vurdering vart straffa sett til fengsel i 45 dagar. Utan tilståinga han kom med i avhøyr, ville straffa blitt fengsel i 50 dagar.
Usikkerheit knytt til mannen si inntekt gjorde at bota vart sett til 10.000 kroner.