Vestnesavisa
4 minutter lesetid

Søkjer etter folk som kan tenke seg å lære andre å køyre bil

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Habil har vore ei ordning som tidlegare har vore mykje brukt i Vestnes av flyktningar og andre som ønskja å ta førarkort. Så kom pandemien og ordninga vart sett på pause, men no ønskjer Vestnes Røde Kors, Vestnes Frivilligsentral og Flyktningtenesta å starte opp igjen Habil.  

 – Eg trur dei som har vore med og øvingskøyrt tidlegare har hatt  det mye gøy. Ein kan som frivillig vere med å bidra til ei livsvarig endring for nokon. Resultatet er også veldig konkret målbart, seier Karianne Austnes i frivilligsentralen.  

Saka held fram etter annonsen

Det er ikkje alle som har nokon å øvingskøyre med, men gjennom Habil kan menneske som har starta på eit løp for å ta førarkort få trene på å køyre saman med frivillige som har hatt førarkort i minst fem år

– Dette har vore eit etterspurt tilbod. Når ein får lappen kan ein også fortsette med å bu i Vestnes, og busette seg kor som helst i kommunen. Med førarkort vert det også enklare for vedkomande å få seg jobb og eventuelt følgje opp barna sine med fritidsaktivitetar og liknande, seier Austnes.

Saka held fram etter annonsen

Det er Møre og Romsdal Røde Kors som først utvikla konseptet, men då organiseringa av Habil krev ein del ressursar og tid, vil dei tre aktørane i Vestnes samarbeide rundt organiseringa av tilbodet.

Teieplikt og oppstartskurs           

Linn Valldal Berget som er nytilsett i Flyktningtenesta i kommunen seier at dette er eit bra og etterspurt tilbod frå flyktningar.

– Hittil i år har Vestnes kommune busett 77 flyktningar, og i tillegg er det også mange frå før som treng noko å øvingskøyre med, fortel ho.

Karianne Austnes presiserer at Habil ikkje er forbehaldt flyktningar, men er for alle som treng nokon å øvingskøyre med.

Dei som kan tenkje seg å vie litt til som sjåførlærar vil få tilgang til ein Toyota med automatgir som er eigd av Møre og Romsdal Røde kors. Organisasjonen dekker også all drivstoff og forsikring. Alle Frivillige får eit oppstartskurs som mellom anna tar for seg øvingskøyringssopplegget, rolla som frivillig, og litt nyttige tips og triks.

– Frivillige må skrive under på ei teieplikterklæring og vise fram politiattest. Som frivillig styrar du tida sjølv saman med den du øvingskøyrer med, seier Sølvi Skar i Røde Kors.

Ho trur det kan vere veldig givande å lære nokon å køyre bil.

– Det er sosialt, og ein får veldig mykje tilbake som frivillig, legg ho til.

– Ein blir kjent med nye menneske, og  resultatet er også veldig målbart, seier Austnes.

Alle som deltek i Habil har trafikalt grunnkurs og er i gang med prosessen med å ta førarkort.