Framleis låste dører på rådhuset

Frå torsdag førre veke har dørene til rådhuset vore stengt etter ein trusselsituasjon. Dørene vil halde fram med å vere stengt i alle fall ut veka.
– Innbyggjarane vil få tilgang til dei tenestene dei treng. Men for å kome inn på rådhuset må ein ha avtale på førehand. Så at dørene er låst er ikkje så alvorleg som det høyrest ut i første omgang, seier ordførar Randi Bergundhaugen.
Lang tids truslar
Det var etter at ein person over tid har trua tilsette i Vestnes kommune at saka vart meldt til politiet førre veke. Truslane har føregått over ein periode på minst seks månader.
– Det skal vere nulltoleranse for truslar og truande åtferd mot offentleg tilsette. Difor har me no valt å gå til det steget å anmelde vedkommande, seier Bergundhaugen.
Før helga sa ho at ho frykta det kunne bli gjort alvor av truslane. No fortel ho at personen som har kome med truslane har fått besøksforbod og med det ikkje har lov å kome på rådhuset.
– Besøksforbodet er gitt av politiet, utdjupar Bergundhaugen.
Viktig med openheit
Ordføraren valte å informere opent om situasjonen fordi ho meiner det er viktig at innbyggjarane får informasjon om at trusselsituasjonar mot offentleg tilsette ikkje berre er noko som skjer i storbyane.
– Slikt skjer også i små distriktskommunar. Det er viktig å vere open om det, slik at me får retta søkelys på at slikt også skjer på små plassar. Det er ikkje greitt når tilsette er redd for å kome på arbeid, seier Bergundhaugen.
Ho har vore forsiktig med detaljar i saka, og vil ikkje gå ut med kva truslane gjeld, kven som er råka og kor mange personar som er trua. Men ho har fortalt at det gjeld mellom anna NAV-tilsette, tilsette i BUF-etat samt andre avdelingar i Vestnes kommune.
– Me vil ikkje gå ut med for mykje informasjon ettersom saka er under politietterforsking. Men det er alvorlege truslar som skapar reell frykt, seier Bergundhaugen.
I tillegg til rådhuset er også mellom anna Vestnes helsestasjon låst.