Desse skal styre Idahall framover

Under koronapandemien, vart det stort sett ei dame som tok seg av alt som hadde med drifta av Kulturhuset Idahall i Tomrefjord å gjere. No har ein stor gjeng tromma saman og restarta det tidlegare styresettet, og ser lyst på framtida til bygget.
Idahall vart reist i 1967 og erstatta då det tidlegare ungdomshuset Heimhug. Idahall har sidan vore bygda si storstove i alle år. Det var ei gruppe frå Lid og Vik Idrettslag som først tok initiativ til å reise Idahall som eit ungdomshus. I 1971 tok bygda over drifta og det vart oppretta eit husstyre.
– Dette er eit hus som vert nytta i mange anledningar. Her har vore mange konsertar, kino kvar søndag, bryllaup, konfirmasjonar, danseførestillingar med kulturskulen, bedriftsfestar, kurs og jubileumsfestar, ramsar Arild Hustad opp.
Det er her Tomrefjordingar samlast på 17. mai, og som eit av dei største forsamlingshusa i Vestnes, vart det også nytta til massevaksinering under pandemien.
Ulike ansvarsområde
Hustad er styreleiar i Tomrefjord idrettslag, og inviterte pressa til eit møte måndag for å presentere den nye styringsgruppa til Idahall.
Han fortel at Tonje Eik gjorde en formidabel jobb med å drifte Idahall under pandemien, men no trengte ho avløysing.

– Tidlegare hadde vi eit aktivt driftsstyre, og no har vi restarta det. Vi har tromma saman ei driftsgruppe som består av sju-åtte menneske frå Tomrefjord idrettslag, og representantar frå Tomrefjord pensjonistlag, Tomra Brass Band, Tomrefjord skulekorps, Musikkens Venner, Tomrefjord Kino og Tomrefjord songlag, fortel Hustad.
Desse representantane har fordelt seg på dei fire ulike ansvarsområda.
- Utleige/Booking
- Kjøkken/matsal
- Lyd, lys og scene.
- Drift/vedlikehald.
Glade i Idahall
Arild Hustad seier at folk har vist stor velvilje for å vere med å drifte Idahall.
– Det har vore veldig positivt. Folk har vist bra guts og glød. Det er også mange utanom som har sagt at dei gjerne stiller på dugnadar. Eg trur det er fordi dei føler Idahall er eit viktig hus som betyr mykje for dei, seier Hustad.
Han seier det kan virke litt kunstig, at idrettslaget som har minst bruk for Idahall, er med å driv det i så stor grad, men idrettslaget kjenner på ansvaret, også ut i frå historia.

Det var i 1991 det spøkte for framtida til Idahall. Det var lite pengar i kassa, og liten interesse for å styre det vidare.
– Husstyret sto då mellom valet å leggje ned eller selje Idahall. Ei bedrift hadde meldt si interesse for å kjøpe bygget, med då sa idrettslaget ja til eit tilbod om å ta over bygget og kinoen. Eg trur det var mange i Tomrefjord som vart veldig glade då. Det er no gått 31 år sidan vi tok over, fortel Hustad.
Kinoen vart skilt ut som eit sjølvstendig føretak i 2011 og er no leigetakar på Idahall.
Skal setjast i stand
I 2008 fekk Idahall ei større renovering der utvendige plater og taket vart bytta. Scena vart også bygt ut og er i dag den største i Vestnes.
Musikkens Venner kjøpte inn nytt amfi i 2013 gjennom støtte og midlar frå lokale bedrifter, bankar og privatpersonar.
Idahall greier seg brukbart ved hjelp av utleigeinntekte og noko kulturmidlar.
– Økonomien er knapp, men sunn. Målet vårt no er å setje Idahall i sså pass god stand, at vi kan leige det ut vidare med god samvittigheit, seier Hustad.
Det er no 55 år sidan Idahal var nybygt. Spesielt kjøkkenet og toaletta byrjar å bli utdatert, men å byrja å diskutere noko større renovering er nok opp og fram i tid meiner Hustad.
Før den tid vil det nok bli mange nye kulturelle opplevingar og moro i storstova til Tomrefjord, med en stor gjeng motiverte frivillige til å organisere det heile.