Vestnesavisa
2 minutter lesetid

Seier ja til skytebana på Vågstranda  

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Trass i kraftige protestar frå naboar og grunneigarar av skyttarhuset og bana til Vestnes og Vågstranda skyttarlag, ønskjer kommunedirektøren å støtte fastsettinga av arealet, slik at det blir regulert som skytebaneområde i strid med grunneigaren sitt ønskje.

Datoen for møte i Vestnes planutval er satt til onsdag 28. november. Det er då planutvalet sine medlemmar skal ta den første avgjersla i skyttarlagsstriden på Vågstranda.

Saka held fram etter annonsen

Skyttarlaget ønskjer å sikre seg området til å forbli eit aktivt skytebane-område i framtida, medan andre ønskjer å få det lagt ned.

I samband med høyringsrunda til Vestnes kommunekom det inn ni merknadar til planforslaget. Ein er frå Møre og Romsdal Fylkeskommune som har ingen merknader, og ein annan er frå Noregs vassdrag – og energidirektorat, og sju er frå private naboar og grunneigarar. Fleire har også sagt si meining på telefon og ved oppmøte utan at dei ønskja å eksponere namna sine. Dette er ei sak som har sett mange kjensler i sving grunna kraftige ueinigheiter.

Samfunnsnyttig

Etter ein gjennomgang av alle merknadane og planforslaget, er kommunedirektør Kristian Skålhavn si innstilling at planutvalet skal godkjenne søknaden til Vestnes og Vågstranda skyttarlag.

– Kommunedirektøren respekterer sjølvsagt alle syn på saka. Likevel veg det tyngst at skytebaner generelt er vurdert som eit samfunnsnyttig tiltak både for viltforvaltninga og i beredskapssamanheng. Det er såleis å håpe og tru at når vedtaket først er fatta, vil skytebana i regulerte former på Vågstranda bli til glede og nytte for dei fleste, skriv han i oppsummeringa si før møtet i planutvalet.

Saka held fram etter annonsen