Vestnesavisa
4 minutter lesetid

Styrkar det lokale forvaltingstilbodet

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Interessen for forvalting av pengar har auka over fleire år. Sparebanken Møre styrkar no tilbodet sitt for kundar med litt meir på sparekontoen. No lanserer dei «Private Banking».

– Sparebanken Møre har hatt eit aktivt lokalforvaltingsmiljø ei god stund. No styrkar me tilbodet for dei som vil forvalte to millionar kroner eller meir, seier Trond Moldskred til Vestnesavisa.

Saka held fram etter annonsen

Han viser til at Møre og Romsdal som region har historikk for å skape formue. Han fortel at det er mange som synest det er vanskeleg å følgje med i marknaden og ta dei rette vala i ein travel kvardag.

– Det er her «Private Banking» kjem inn. Me kan hjelpe kunden med å forvalte formuen etter kunden sine ønsker, seier Moldskred.

Spissa team

Tilbodet vil gi kunden eit rådgjevarteam med spisskompetanse bygd opp etter kunden sine behov. Det vil i følgje Moldskred gi best mogleg kompetanse for kunden.

– Me vil bygge teamet basert på den informasjonen me får frå kunden. Dermed vil me kunne forvalte ressursane til kunden best mogleg. Sjølve forvaltinga vil også skje basert på kunden sine preferansar rundt risiko, seier Moldskred.

Det som i følgje Moldskred et styrken til dette tilbodet er at kunden kan forhalde seg til sin rådgjevar ved sitt lokalkontor. Dermed treng ikkje kunden å reise langt for å møte banken.

– Me meiner det er svært viktig å møte kunden på sitt lokalkontor. Det er der dei lokale rådgjevarane som kjenner kunden sit. Dermed slepp me å bruke mykje tid på å samle informasjonen. me kan sette saman eit team tidleg, og då kjem ein raskare i gang med ei betre forvalting, seier Moldskred.

Vanskeleg marknad

Banksjef for Sparebanken Møre Vestnes, Leif Rune Rabben, seier at finansmarknaden kan vere vanskeleg å forstå, og vanskeleg å følgje med på. Difor vil dei bruke dei beste ressursane på kvart enkelt tilfelle.

– Det er ein marknad der ein skal ha tunga beint i munnen. Då er det fint å ha spisskompetanse, seier Rabben.

Samstundes er både Rabben og Moldskred klar på at dei ikkje vil gløyme dei mindre kundane banken har.

– Dette er eit tilbod til dei som har større summar dei ønskjer å forvalte. Me vil naturlegvis halde fram med den samme servicen me alltid har hatt for dei mindre kundane. Det er dei som er ryggmargen i banken. Så dei må me ta godt vare på, seier Moldskred.

Rådgjeving er viktig

For at formuen til kunden skal bli best mogleg forvalta vil banken ha møter med kunde i forkant av ein forvaltingsavtale der dei tar føre seg alt som angår kunden.

– Det er viktig for oss å gi ei balansert rådgjeving basert på kunden sine ønsker og behov. Det er på den måten me kan gi best mogleg råd. Mellom anna vil det vere veldig viktig å ha klarlagt kva type risiko kunden er villig til å ha på sin portefølgje. Ut frå desse møta kan me forvalte på det me meiner er best mogleg måte, seier Moldskred.

Saka held fram etter annonsen

Han opplyser at Sparebanken Møre har det største marknadsmiljøet mellom Bergen og Trondheim og at Sparebanken Møre i dag forvaltar 6,5 milliardar kroner for store og små kundar. Med avtalar med andre fondsporteføljer meiner dei at dei kan tilby eit godt tilbod som vil vere til gode for både kundane og banken.

– Det er store verdiar i Møre og Romsal. Mykje av det er familieverdiar som vert realisert gjennom sal. Då er det viktig med ein god portefølgje slik at formuen kan bli forvalta på ein god måte, seier Moldskred.