Edelgard aukar vareutvalet på Bunnpris

Edelgard skal levere fleire typar kjøttvarer til Bunnpris. Butikksjef Kine Lid har rydda plass til ein heil seksjon utelukkande for Edelgard sine produkt.
– Det er veldig kjekt at Edelgard ønsker å satse meir. Me har rydda plass til Edelgard i eiga avdeling i butikken. No har me tatt inn litt fleire varer enn vanleg, og reknar med at me vil ta inn enno meir etter kvart, seier butikksjef Kine Lid til Vestnesavisa.
Mikal Eriksen frå Edelgard var fredag på plass i butikken med smaksprøvar til kundane. Han fortel at Edelgard utelukkande bruker norske råvarer i sine produkt.
– Aller helst brukar me så lokalproduserte råvarer som mogleg, seier Eriksen.
Mest mogleg bærekraftig
Brage Grønningsæter fortel at Edelgard prøver å vere mest mgleg bærekraftig og utnytte heile dyret best mogleg.
Han får støtte frå dagleg leiar i Edelgard, Jon Daniel Nesje.
– Me prøver å utnytte kvar skrott så mykje som mogleg. Då må me heile tida utvikle produkta for å redusere svinnet mest mogleg. Det handlar om både bærekraft og økonomi, seier Nesje.
Satsinga er eit samarbeid mellom Edelgard og Bunnpris. Brage Grønningsæter er glad for at Bunnpris ønskjer å ha fleire av deira produkt i hyllene.

– Det er veldig kjekt av Bunnpris satsar meir på Edelgard. Me ønskjer naturlegvis å levere mest mogleg til matbutikkane, seier Grønningsæter.
Han fortel at dei jobbar med nasjonal produksjon og har ei topp moderne delautomatisert produksjonsline.
– Me har fleire robotar som er med for å gjere produksjonen mest mogleg straumlineforma og effektiv. Det er ikkje alt det er råd til å ha personar til å gjere. Til dømes pakking er heilautomatisk. Men me må jo ha ein del personar tilsett i produksjonen også, seier han.
Merkevarebygging
Dagleg leiar, Jon Daniel Nesje i Edelgrad, seier til Vestnesavisa at dei ønskjer å samarbeide med Bunnpris som ei platform for merkevarebygging. Han fortel vidare at det er kjøtt- og karbonadedeig som utgjer det største volumet, men at dei ønskjer å auke volumet på andre produkt også.
– Me er storleverandør til Bunnpris på kjøttdeig. Men me utviklar også andre typar kjøttprodukt. No har me fokusert ei ndel på «spiseklare» produkt.
– Me ser på det som eit interessant segment. Dei spiseklare produkta våre treng berre å varmast. Og ein får garantert topp kvalitet på festmåltidet. Me vil satse vidare på dette segmentet, seier Nesje.