Vestnesavisa
5 minutter lesetid

Nettselskapsfusjon skal gi betre beredskap

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Fredag kjøpt Nordvest Nett alle aksjane i Sandøy Nett. Frå nyttår vil dei to selskapa fusjonere. Det skal gi stordriftsfordelar og betre beredskap for straumleveranse i regionen.

I 2015 fusjonerte Nordvest Nett og Ørskog Energi. No vert også Sandøy Nett ein del av Nordvest Nett. I første omgang vert alle aksjane i Sandøy Nett kjøpt opp av Nordvest Nett. Frå 1. januar 2023 vert selskapa fusjonert.

Saka held fram etter annonsen

Utfordrande framtid

Dei to nettselskapa samarbeider allereie på fleire område, men ser at framtida vil bringe utfordringar dei vil vere betre rusta ved å møte i lag. Frå før har Nordvest Nett forsyningsansvar for Nørydøyane frå Lepsøy til Fjørtoft. Ved etableringa av Nordøyvegen fall det seg naturleg å sjå på nettstrukturen i området på nytt.

Eit aukande kraftbehov set krav til linjeutbygging og effektivisering av eksisterande nett.

– Myndigheitene har i lengre tid ønska ei konsolidering blant nettselskapa. Denne fusjonen støttar dette ønskert ved naturlege synergiar som sikrar ei kostnadseffektiv straumforsyning, seier dagleg leiar i Nordvest Nett, Runar Stette.

Dagleg leiar i Sandøy Nett, Johannes Huse, legg til at det vil ha mykje å seie for forsyningstryggleiken til Sandøy.

– Det vil bli klart betre for Nordøyane og Sandøy. Me har hatt utfordring med ferge for å flytte mannskap. Dette er med på å auke beredskapen i området, seier Huse.

Dagleg leiar i Sandøy Nett, Johannes Huse og dagleg leiar i Nordvest Nett, Runar Stette.

Beredskapslager

Nordvest Nett vil opprette beredskapslager og montørstasjon på Steinshamn. Det vil gjere responstida kortare dersom noko uforutsett skulle oppstå.

Det viktigaste for begge selskapa er likevel å levere stabil kraft via nettet, og ha rimelege prisar. Både Nordvest Nett og Sandøy Nett har scora høgt på NVE sine DEA-modellar for effektivitet. Begge selskapa er blant dei mest effektive i landet.

– Benchmarken viser at me jobbar godt og effektivt. Det vil me halde fram med også i framtida, seier Stette.

Linjebygging

Kraftbehovet har auka mykje i Nordvest Nett sitt dekningsområde dei siste åre. Spesielt i området rundt Digernes. Difor vert det no bygd ei ny tilførselslinje mellom Giskemo og Furlia i Skodje. Det vert gravd nesten ti kilometer grøft for å forsyne området Skodje, Tennfjord, Digernes og Vatne med meir straum.

Stette samanliknar denne linjebygginga med straumtilførsla frå Kjelbotn til Furneset ferjekai i samband med elektrifisering av ferjesambandet mellom Vestnes og Molde.

– Samanslåinga av selskapa vil gagne alle våre kundar og ikkje minst beredskapen. Forbruket av elektrisitet har auka formidabelt den siste tida, og som eit sterkare nettselskap kan me bygge ut linjenettet meir effektivt, seier Stette.

Gunstig for eigarane

Fusjoneringa som vil kome av dei to selskapa vil også vere gunstig for eigarane. I dag er Nordvest Nett eigd 63,5% av Vestnes kommune gjennom Vestnes Energi AS, og 36,5 prosent av Ålesund kommune og Fjord kommune gjennom Ørskog Energi AS.

– Målet vårt er å levere gode tenester samstundes som me leverar eit godt økonomisk resultat. Det vil difor vere gunstig for eigarane våre at me vert større. Vestnes kommune er majoritetseigar og vil nok merke det mest. Men det viktigaste for oss er å levere sikker og stabil straum, seier Stette.

Saka held fram etter annonsen

Han legg til at dei tilsette er positive til samanslåinga og at dei sju tilsette i Sandøy Nett frå nyttår vil vere tilsett i Nordvest Nett.

– Alle dei tilsette blir med over til Nordvest Nett. Det er berre eigarforma som vert endra. Utover det er dei tilsette i både Nordvest Nett og Sandøy Nett positive til fusjoneringa. Fleire av dei har allereie spurt om kva tid det skjer, seier Stette.