Den tredje Sport1-butikken som vert miljøfyrtårn

Sport1 Tomra er den tredje av om lag 200 Sport-butikkar som kan kalle seg miljøfyrtårn. Styreleiar Eva Langstein er svært nøgd med satsinga.
– Me er utruleg stolte av å vere miljøfyrtårn-sertifisert. Me trur dette gir oss eir konkurransefortrinn i framtida, seier styreleiar Eva Langstein.
Sport 1 Tomra er ein av berre tre Sport1-butikkar i dag som er sertifisert. Det er om lag 200 butikkar som er tilknytt kjeden.
Langsiktig arbeid
Som miljøfyrtårn pliktar Sport1 Tomra seg til å ha fokus på miljø. Med verktøya som SPort1 Tomra får tilgang til som miljøfyrtårn ønsker Langstein å satse tungt på miljøarbeid.
– Verktøya gjer at me kan arbeide heilskapleg, systematisk og langsiktig med tiltak som vil forbetre våre miljøprestasjonar og bidra til ei grøn framtid. Me ønskjer å jobbe konkret med bærekraft innan område som arbeidsmiljø avfallshandtering, energibruk, innkjøp og transport, seier Langstein.
Viktig tiltak
Ordførar Randi Bergundhaugen seier ho er glad for at næringslivet i Vestnes er så miljøbevisst. Ho karakteriserer miljøarbeid som eit viktig tiltak.
– Me bør alle ta ansvar for miljø og klima. Og det at Sport1 Tomra no vert miljøfyrtårn viser at næringslivet tar dette på alvor. Det er viktig fordi næringslivet kan påverke andre ting enn oss enkeltmenneske kan, seier Bergundhaugen.